Øvingane til julerevyen går for fullt, og no er også salet av revybillettar forlengst starta på Matkroken Todalen. Vil du ha litt kortreist underhaldning i julehelga, så er det berre å stikke innom Matkroken og kjøpe billettar til julerevyen #ViÅ som går i Todalen ungdomshus 3. juledag – 1. forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20.00. Løp og kjøp, seier revysjef Anders Gjeldnes, som held i trådane for årets julerevy.
Vi har måtta jobba litt for å få med nok aktørar på scena, men det har etter kvart løyst seg, og her vil du få sjå både kortreiste og langvegsfarande aktørar. Det har vore spesielt vanskeleg å få med kvinnfolk, og det gjer da også at ungkarane slepp lett til, medan ungtausene får «på pukkelen».
Gjennom revyen blir det mange aktuelle tema – politikk både lokalt innafor Kammen og globalt utanfor Kammen. Naturleg vis blir sjukeheim, trollheimstunellen, kommunereforma og prestemangelen tema – i tillegg til mykje anna, – mellom anna blir det utdeling av hedersprisen «Den Gyldne patron».
Men revyen bli nok mykje i tradisjonell stil – når ting er bra skal du ikkje tukle for mykje med dem. Servering av varmrett blir det, og sjølvsagt open bar etterpå. Musikk blir det også, for har vi leid inn «Verdiløse menn» for å få ned prisen, gliser Gjeldnes.
Da vi stakk innom var det 5 personar på øving i ungdomshuset. Sjølvsagt var veteranane Lars Sæther, Håvard Halset og Nils Ove Bruset på plass, men også nykommaren Stig Husby. Vi tillèt oss å kalle han nykommar for det er 25 år sidan han var med på revy sist.
Og no er billettsalet altså i full gang – det er berre å stikke innom Matkroken Todalen så får du ordna det, seier Anders Gjeldnes som til slutt fortel at revyen skal køyrast i 2 førestillingar 3. juledag.