I går kveld samlast eit 40-tals todalingar til ei statusoppdatering på bolyst, markedsføring og muligheiter for Todalen vidare. Todalen grendalag som no er ein realitet, sto for arrangementet og Carsten Bohle orienterte litt om vegen vidare.
Det gamle PT-styret fungerer interimstyre fram til grendalaget sitt første årsmøte i 2019. Dei oppfordrar derfor engasjerte todalingar til å melde seg i «kampen» om styreverv på nyåret. -Vi treng no dei som ønsker å bidra til å auke vekst, positivitet og engasjement i lokalsamfunnet vårt slår leiar Laila Kvendset Bergli og styremedlem Carsten Bohle fast.
Undervegs i møtet orienterte Bjørn Gunnar Ansnes om boligsituasjonen per i dag. Dei har gjennom sommaren kartlagt 35 fritidsbustader, der 5 har vorte klare for utleige og 2 nye vil bli klare for heilårsleige i løpet av 2019.
Ragna Kvendset som til dagleg er byggesaksbehandlar i Surnadal kommune hadde laga ei hendig oversikt alle ledige tomter i kommunen. Både dei som ligg i kommuneplana og reguleringsplana i kommunen. For ja; det er opptil fleire områder i Todalen kor det er regulert til bustadområde. 5 av desse områda er i privat regi. Det betyr at dei er regulert for bygging, men at det er den enkelte grunneigar som må ta stilling til om dei ønsker busettjing her.
Kommunale tomter er det berre på Flathaugen. Her er det berre ei som er i såpass grei nok stand til å byggje på, etter som den attaste rekkja ikkje var optimalt utnytta. Ordfører Lilly Gunn Nyheim som også deltok på møtet kunne bekrefte at kommunen skulle dit på befaring neste veke i forbindelse med ei muleg utviding av dette kommunale feltet.
Til slutt orienterte Nils Ove Bruset på vegne av markedsføringsgruppa om tankar, idear og mulege planar vidare. Her var alt frå Todals-app, slagordkonkurranse, god gamaldags festival, inspirasjonsforedrag og gode informasjonskanalar tema. Her fekk dei nok fleire gode innspel til å jobbe vidare med, og ikkje mins fekk dei fleire engasjerte med seg på jobben vidare.