Det er utruleg rart kor snart ting blir historie – torsdag kveld inviterte Todalen historielag til filmkveld. Filmane som vart vist i kveld var ein sekvens med fleire filmstubbar frå 90-talet. Det var litt frå barnehagen og litt frå andre arrangement. Etter kaffepausen var det film frå 2013 – opptak som vart gjort da «ras-ferga» trafikkerte mellom Todalen og Kvanne, da vegen var stengt etter raset i stranda. Veldig artig å sjå att alt dette gamle videomaterialet som historielaget har teke vare på.

Dei gamle filmopptaka er gjort av Svein Åge Saksen som var med på tida med analoge videoopptak som voks fram på 80- og 90-talet. Foto Jon Olav Ørsal
Felles for alt dette videomaterialet er at det er Svein Åge Saksen som har gjort alle opptaka og som har redigert materialet til å bli ein sjåverdig videofilm. Saksen var tidleg ut med videoutstyr, og materialet som vart produsert på 90-talet er analoge opptak som er gjort med det utstyret som var tilgjengeleg den gongen. Men det var ei viktig tid dette, og det skjedde mykje her i Todalen. Saksen dreiv filmproduksjonen litt lenger enn berre på amatørstadiet, og gjennom sitt firma «Bekkerfilm» investerte Saksen i mykje utstyr som var nyttig og avansert den gongen. Dette vil nok sikre Todalen historielag mykje verdifullt materiell, slik at det blir teke var på for framtida.

Opptak som var gjort på ei eldrefest i Todalen på 90 talet – her opptrer Tone Søyset og Jørn Husby. (Filmfoto S.Å.Saksen.

Siste turen med Todalsferga i 2013 – det skjedde 6. september 2013. Gudmund K. Kvendset, Sven Olav Svinvik og Anders Halset las kommentarer kva vi såg frå ferga. Foto Jon Olav Ørsal
I kveld var det altså to sekvensar med gammelt filmmateriale som vart vist, og publikum sette stor pris på det dei fekk sjå – mange tykte det var veldig artig å sjå att opptak, og det er no faktisk gått rundt 40 år sia nokre av opptaka vart gjort. Med innlagt kaffepause og Historie-Quiz vart det ein triveleg kveld som alle sette pris på – og det vart etter hard konkurranse «Damelaget» ssom gjekk av med sigeren i Quiz-konkurransen .