Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi held liv i kvarandre med musikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mars 2020

Onsdag var vi på trekkspellseminar med The Invalidos.  Erling Myrbostad og Jon Bjarne Husby treftes i sjukesenga på Kristiansund sjukehus for eit par år sia – begge hadde fått nye kne, og dei prøvde å oppmuntre kvarande etter beste evne dei første dagane etter operasjonen.  Da vart den første musikalske ideen sådd, for dei vart ganske fort klar over at dei hadde ein stor felles interesse – trekkspellet og musikken. 

Etter at dei kom heim vart det sett igang med trekkspelltreff, og båe to hadde gode vener som som og var interessert og som hadde problemer med enten kne, hote eller rygg – og som i tillegg var musikalsk. Dermed vart det etter kvart fleire og fleire som dukka opp og vart med på disse trekkspilltreffa.  Etter kvart vart også den intrumentale sammensettninga utvida og det kom med gitaristar – både rytme og bas.  På dagens seminar i Jostua, heime hos Jon Husby var det i dag heile 7 musikarar som deltok. 

Kosar seg med den felles interessen dei har – musikken. Foto: Jon Olav Ørsal

-No har orkesteret vorte så stort at vi famnar over 2 kommunar og 2 fylker.  Ola Bårdset og Johs. Holten er nemleg vorte trønderar sia sist og hører heime i Heim kommune.  No manglar vi berre ei som kunne vore vokalist, og som kunne ha pynta opp orkesteret litt, legg Jon Husby til. På spørsmål om dei tek på seg spellmannsoppdrag, så får vi promte svar frå Erling og Jon at dei er forsiktige med det, sidan flesteparten av dei er i den såkalla risikogruppa til Folkehelseinstituttet – vi har lagt oss på ei slik linje at vi heile tida følgjer råd frå FHI, humrar dei. 

Men så begynner resten av gjengen å bli utolmodige og dermed rundar vi av med Jularbo’s brudevals

I bildegalleriet nedanfor er alle musikarane presentert – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. mars 2020, 16:00