Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi har stengt!

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Det siste døgnet har det vore mykje forviklingar med stengte vegar og tunnellar i Todalen. I går starta Nettbuss med å legge om kjøreruta i samband med at dei har fått info om at vegen i Brusetmelan er stengt på grunn av vegarbeid. Seinare er det frå samferdselsavdelinga i MR-fylke kome informasjon om at bussane går som normalt, og at bussar i rute og utrykningskjøretøy kan passere gjennom heile anleggsperioden.  Skuleelevar skal stå og vente på bussen der dei brukar å stå.
Tysdag var og Svinviktunellen steng ein periode. Nok ein gong stenges tunellen uten at det gis beskjed om stenging, og kor lenge den blir stengt. Det skaper ofte problem for trafikkantar som skal nå ferja på Kvanne, eller kanskje arbeid i Surnadal.

Fylkesveg 324 – frå Bruset og nedover til Halsabrua blir stengt på grunn av vegarbeid i Brusetmelane fram til 28. september – altså til og med veke 39.  Da skal vegen fyllast ut og trafikksikrast. Dette er eit prosjekt som Mesta skal utføre, og det vil nok føre med seg ein god del anleggstrafikk i området.

Rådgjevar Stein Fredrik Røstberg i MR-fylkets samferdselavdeling beklagar at feil beskjed har vore gjeve tidlegare.

 

Først publisert: 27. august 2018, 21:00 - Sist oppdatert: 29. august 2018, 07:05