Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi har oversett den store forskjellen!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. april 2024

Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. april. Da Elinor Bolme ønskte vel møtt, var aulaen på Surnadal vidaregåande skule rett og slett stappfull! Dette var heilt klart eit tema som engasjerer og er av stor interesse.

Ida Mo og Johanne Holten underheldt med song og musikk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Elisabeth Svärd, spesialrådgivar i NKS, heldt eit interessant foredrag om kvinnehelse med fokus på overgangsalder. Overskrifta var: «Overgangsalder er ingen sykdom, men noen kan bli syke». Ho tok utgagnspunkt i NOU frå 2023: «Den store forskjellen – Om kvinners helse og betydningen av kjønn for helse». Innleiinga er slik: «Vi har oversett den store forskjellen. Kjønn har betydning for helse. Kvinner og menn har ulik biologi, de lever ulike liv, og de rammes ulikt av sykdom. Dette perspektivet må ligge til grunn for å sikre gode helsetjenester for alle, uavhengig av kjønn».

Til no har har kvinnehelse og typiske kvinnesjukdommar hatt låg status, og det har vore mangelfull forskning på området, og bevilgningane frå det offentlege har vore låge. Men Sanitetskvinnene har dei siste åra i alt bevilga 75 millionar kroner til forskning på dette området! Østrogenproduksjonen minkar med alderen, som kan føre til ulike helseproblem mellom anna beinskjørheit. Tørre slimhinner «nedentil» er eit vanleg problem, her er lokal østrogenbehandling å anbefale. Ikkje nøl med å ta kontakt med fastlegen!

Fysioterapeut Clara Huitfeldt Karoliussen tok for seg inkontinens. Ho la vekt på trening av bekkenbotnen, halde seg i god fysisk form og unngå overvekt. Inkontinensproblema aukar ofte etter fleire fødslar og med aukande alder.

Elinor takka forelsarane for interessante, engasjerande og nyttige foredrag, og ho retta ein stor takk til SpareBank1 SMN for økonomisk støtte!

Sanitetskvinner frå Todalen: Karen Johanne, Liv Svanhild og Jorunn Gislaug. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Stor interesse og fullsett sal! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Stort oppmøte på kvinnhelsekvelden. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 24. april 2024, 05:23