Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi har alt fått mange lam – travelt åt Nils Erik!

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. april 2015

I Oppistua på Hjellnes er det ein stor flokk med utangarsau som no er klare for lamming – 4-5 sauer har alt lamma, og til no er det kome 7-8 nye og svarte lam.  Nils Erik som går siste året i barnehagen i Todalen, har mesta ikkje tid til å være i barnehagen no. Og det skjønar vi godt, for no skjer det mykje spanande i fjøset og nye lam kjem til verda kvar einaste dag.

LammKlare_6596

Lammingsklare sauer – Nils Erik og faren Per Åke prøver å ikkje forstyrre dei for mykje. Foto: Jon Olav Ørsal

Men Nils Erik må være litt forsiktig, for sauene har lett for å bli skremt – og det er ikkje bra no når dei ordnar seg på lamming. – Han må også være litt forsiktig når han er oppe i lag med sauene, for dei sauene som har lam har eit sterkt morsinstinkt og passer god på lamma. Dermed kan ein bli stanga, fortel faren Per Åke Jacobsson som er med oss i fjøset.

Han fortel vidare at utgangarsauene går ut og inn av fjøset som dei vil heile året, og er ikkje redd om det blir litt snø og kuldegrader. Maten sin får dei i eit stativ utafor fjøset, og difor må dei ut for å finne seg mat. Men når lamminga nærmar seg så trekkjer dei inn i fjøset for å finne litt meir ro og trygghet.  Per Åke fortel at dei stort sett klarer seg sjølv under lamminga, men han liker å følge med litt i tilfelle det skulle bli problem eller dei føder ute og blir våte og kalde.

Etter kvart skal det nok bli mange lam og litt av eit styr i Oppistufjøset, så vi skjønnar godt at Nils Erik ikkje tykkjer det er så viktig å prioritere barnehagen akkurat no i april.

Fjøsnissen_6591

Nil Erik er litt av ein skøyar, og pekar opp på låven og fortel at der opp bor fjøsnissen! Foto: Jon Olav Ørsal

SauOgLam_6587

Mor og barn. Mora passa god på lamma sine og det var ikkje verdt å kome for nære. Foto: Jon Olav Ørsal

KlarerSegSjølv_6598

Sauene trivs godt ute, sjølv på kalde vinterdagar. Fôret finn dei ute, i det lille forhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. april 2015, 05:00 - Sist oppdatert: 8. april 2015, 20:29