Tysdag var forfattarane Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer i Kaffekroken for å promotere og selje slektsboka si. Dei er dotter og mor som vi tidlegare har skrive om her på Todalen.no og som no altså har skrive bok om slekta si – familen som stammar frå Ørsalgeilen og som no praktisk talt er spredd over heile verda.
-Vi har jobba med dette bokprosjektet i 2 år, og endeleg gikk bokai trykken no tidlegare i haust. Og boka den har gått unna, for da dei kom til todalen hadde dei med ein stabel med bøker som var bestillt og i tillegg hadde dei berre 6 bøker som var ledige – og dei gikk fort unna. Men Solveig som er «forlagssjefen» fortalte at dei alt har bestillt eit nytt opplag, så i løpet av eit par veker skal dei være leveringsdyktige i gjen, slik at alle som vil kjøpe boka skal få.
Vi er stolte av slekta vår, seier Solveig som forresten kan skilte med heile 37 søskenborn. Etter kvart som ho har jobba med boka og opplysningar om slekningane sine så har ho vorte imponert over slekta og har no teke mellomnamnet Ørsal i namnet sitt. Dei to må innrømme at det har vore mykje leiting i arkiv og kyrkjebøker, men no når boka er i sal er dei enige om at det var verdt den jobben.
Og jobba har dei to jammen gjort, for det er eit imponerande bokverk dei kan tilby – det er både slektsbok og historiebok som absolutt er interessant lesnad både for dei som stammar frå Ørsalgeilen – etter Anne og Ola – og andre som er interessert i slekter og historie. Boka er på vel 220 sider og er rikt illustrert med både gamalt og nytt bildemateriell.
Det var mange som stakk innom Matkroken tysdag – både for å hente bøker som var bestillt og for å helse på forfattarane og for å kjøpe boka. Og som sagt så kjem nytt opplag i slutten av november så alle som vil skal få kjøpt boka.