At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden.
I fjor var det kulturvandring av første del av Kvennsetgarden, frå Todalshaugen og innover til butikken på Kvennset. Lardag var det start på Bordholmen, og så gikk turen via Halsabrua og oppover etter den gamle vegen langs elvakanten og forbi Bruvollen og opp til vegen. Vidare bar det til Austigarden og gjensyn med Lebrekka og vidare til Viastua, Andersstua og utover til Talgø-fabrikken og via Bordholmskogen til Bordholmen.
På turen var det stopp i kvart gardstun og litt historikk og info om ting som har endra seg oppgjennom tida, og det var artig å høyre historia og kvifor ting har vorte som dei er. Lars Redalen var kjentmann og historiker i Austigarden, medan Gudmund Kvendset og Anders Talgø fortalte om henholdsvis Viastua og Andersstua. Videre passerte vi Trøa, der Johan Kvendset viste fram den flotte hagen som han og kona Erika har laga – og Sandstad, der Kari Kvendset fortalte om pensjonat- og kafedrift i gamle dagar.
I Utigarden orienterte Olaug, Ragna og faren Hallvard Kvendset om historia til garden og om fjøsbygginga som no pågår. Dei bygde nytt fjøs for vel 30 år sia, og akkurat no pågår arbeidet med utviding og modernisering av fjøset som skal bli klart til innflytting på seinsommaren.
Turen vidare gikk rundt Talgøfabrikken, der John Moe orienterte om verksemda i dag. Her var det omvisning på fabrikkområdet og i produksjonshallen der Talgø Møretres elementfabrikk held til. Her er no heile elementproduksjonen samla under eit tak, og det er i løpet av det siste året skapt rundt 30 nye arbeidsplassar og reknar i år med å nå ei omsetning på rundt 80 mill. på byggelement.
Bildegalleri fra den kulturelle vandreturen på Kvennset – alle foto: Jon Olav Ørsal