Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vestre Akers SK vart for sterke

Elinor Bolme Torsdag 4. august 2016

Da er fotballeventyret også over for KUST G13. Dei møtte litt over 17 Vestre Akers SK, som tok leiinga og held denne med 2-0 til pause. Dette var eit lag som var hakket sterkare, men i følge IL Søya si facebookside hadde keeper Henrik Kvande-Talgø fleire strålande redningar i andre omgang som gjorde at gutane held seg inne i kampen.

Sluttresultatet enda 3-1, med ei scoring av Ola Valset like før slutt. Gutane er nok kanskje litt skuffa rett etter kampen, men etterkvart vil kanskje stoltheita over å faktisk ha enda som eitt av dei 16 beste laga i si pulje, av 150 totalt sige inn.

Vi er så heldig å fått tilsendt mange bilder fra kampen av Knut Bergli.

 

 

 

Publisert: 4. august 2016, 18:42