Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.
På andreplass i herreklassen kom Glenn Tore Løland som var 1.26 etter og på tredjeplass kom Håkon Klerud Johannessen som var 3.46 etter Hoff. I dameklassen kopierte Malene B. Haukøy gårdagens bedrift og kom i mål på 42.03, heile 16.05 framfor Siri Bente Haugen som vart nummer to. I juniorklassen var Sondre Andersson Svensli 9.27 framfor Lars Osland Øygard. På tredjeplass kom 12-åringen Knut Osland Øygard på 1.05 som nok er ein god prestasjon! Totalt var de 24 deltakarar på søndag.
Her kan du laste ned heile resultatlista frå søndagens randoneecup vertikal.
Bildegalleri frå dagens arrangement – RandoneeCup Vertikal – fra fjord til fjell Alle foto Ellinor Bolme