Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vert det mildare i mars?

Vert det mildare i mars?

Jon Bruset Måndag 1. mars 2010

Etter to svært kalde månader håpar dei fleste no på meir vårlege temperaturar i mars. Men statistisk sett må ein vere forberedt på at også mars oftast er ein kald og stabil vermånad. På dei siste 20 åra treng ein berre gå tilbake til 2006 og 2007 for å finne ytterpunkta temperaturmessig.

Kaldaste mars kom i 2006 med heile 14 dagar under – 10 eller meir (lågaste min. temp. -16,6).

Får håpe på at mars i år liknar mest på mars 2007, da det var 10 dagar med max. temperatur over + 10 eller meir ( lågaste min. temp. var berre – 3,8 ).
Aller lågaste min. temperatur frå 1990 i mars vart målt 1. mars 2001 med – 20,5, medan høgste max. temperatur målt i mars 1990 med + 16,4 !

Først publisert: 1. mars 2010, 20:58 - Sist oppdatert: 2. mars 2010, 06:31