Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdiskaparprisen – fekk det synlege beviset..

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. desember 2017

Tidlegare i haust fekk Talgø MøreTre Verdiskaparprisen som Sparebank1 Nordvest og Tidens Krav står attaføre. Prisen som er på kr 100.000, vart delt ut på verdiskaparkonferansen i Kristiansund.  I førre veke fekk konsernsjef Terje Talgø overrekt overrekt det handfaste beviset.

Det var banksjef Odd Einar Folland og redaktør Ole Knut Alnæs som i forrige veke besøkte Talgø på Gammelfabrikken, og som overrakte diplomet til Terje Talgø og Elmer Talgø.
Terje Talgø takka for prisen og sa at både leiinga og dei tilsette er stolte av prisen. – Talgø MøreTre er no i gang med store investeringar både i elementfabrikken i Todalen og i anlegget for royalproduksjon i Surnadal. Til saman er det planlagt investeringar på over 100 mill. kroner fram til 2020, og det er venta at dette vil gje eit 50-tals nye arbeidsplassar dei nest 2-3 åra.

Les også omtalen på Tidens Kravs nettsider

Publisert: 13. desember 2017, 10:34