Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdiløse menn kjem, kjem du?

Elinor Bolme Fredag 23. mars 2018

Det nærmar seg med stormskritt til årets påskehappening i Todalen ungdomshus. Verdiløse Menn er booka til å spele etter revyforestilling på onsdag og dei gleder seg til å spele på onsdag.  Dei minnast med glede sist gong dei var i Todalen og spilte for glade todalinger under julerevyen i 2016, skriv Knut Bergli i ein epost i dag.

Dei kjem også denne gongen med godlåter frå Jokke, Dumdum Boys, og mange fleire norske klassikarar. Arrangementskomiteen er veldig glad for at orkesteret har satt av kvelden til å spele.  Det blir mye gladere stemning når vi har bra live musikk, sier Anders Gjeldnes og Knut Bergli som er delaktige på arrangørsiden. Det ryktas også om at revygjengen ligg i hardtrening framfor årets påskerevy. 

Hugs å kjøp billett på Hals når du handlar til helga!

 

Publisert: 23. mars 2018, 14:16