Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Verdige prisvinnarar

Verdige prisvinnarar

Jon Olav Ørsal Sundag 29. januar 2012

Idrettens festkveld vart ei fin forestilling der Surnadal idrettsråd nytta høvet til å gi mykje velfortjent heider og ære til både idrettsutøvarar, eldsjeler og andre som har lagt ned mykje frivillig arbeid for idretten over lang tid. Konferansierane Siri Marte Hollekim og Roar Strand losa oss gjennom kvelden på ein fin måte og bidrog til at kvelden vart ei høgtidsstund. Høgdepunktet var nok prisutdelingane, og det har vore mange verdige kandidatar til prisane. Ein vanskeleg jobb for juryen når dei skulle ende opp med ein prisvinnar for kvar pris til slutt.

Prisen for årets prestasjon gikk til Tonje Fuglås Kvendbø, som har hevda seg både nasjonalt og internasjonalt i jaktskyting, og har henta heim både Norges- og Nordisk mesterskapstitlar.

Årets ildsjel vart Kjell Gunnar Polden, som fekk prisen for sitt store engasjement i Taekwon-Do miljøet i Surnadal gjennom ei årrekkje.

Publikums heiderspris gikk til Surnadal Taekwon-Do klubb. Dei hadde fått mesta 1600 stemmer frå publikum gjennom e-post og avstemminga i Driva.

Juryens heiderspris fikk Magne Holten (M-en) for sin mangeårige innsats som eldsjel og for sin store innsats for friidrettsmiljøet i Surnadal.

Vi i Todalen.no gratulerer alle frisvinnarar

Les også kva andre media skriv om Idrettens Festkveld på Driva.no, Trollheimsporten og Tidens Krav.

Publisert: 29. januar 2012, 12:00