I forbindelse med eit felles prosjekt mellom Surnadal kommune og Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd har det i går og i dag vore arrangert eit felles fagseminar for ansatte i kyrkja, kommunens helse- og omsorgstjeneste og andre interesserte rundt temaet døden. Samhandling på siste vakt heiter prosjektet og i store linjer handler det om kva og korleis dei ansatte skal bruke dei ressursane som er i kommunen til å gi ein verdig omsorg ved livets slutt.
Rådmannen åpna fagdagen, og etter at litt lokale krefter hadde sagt sitt om prosjektet og tematikken, var resten av dagen via til å høre Marie Aakre sin erfaring og kunnskap om feltet.

Forelesar Marie Aakre var ein av ildsjelene som plukket opp hospice-tanken frå England på 1970- og 1980-talet. I 1993 var ho med på å etablere Seksjon for lindrande behandling ved Regionssykehuset i Trondheim, som var landets første kompetansesenter for lindrande behandling for mennesker i sluttfasen av livet.

Fagdagen er arrangert i to omgangar, altså to dagar. Dette for å få med flest muleg av kommunens ansatte som arbeider skift.
Les enda meir om dagane hos Trollheimsporten: Samhandling på siste vakt
Foto og info: Annett Ranes, Surnadal kommune