For den som ferdast utanfor bygda, gjer vi oppmerksom på at det i Svinviktunnelen er kome til ein fartsdump. Det er vatn som har kome ovanfrå tunneltaket og ned i vegbanen som har danna ein issvull no i kaldperioden. Issvullen har dei siste dagane vokse, og er no godt og vel ein meter i diameter, og rimeleg tjukk ved venstre hjulspor.
Satsar på at det er såpass «ørk» i morgon, at Kolo Veidekke kanskje tek seg ein tur innover for ei utbetring.