Denne veka kom det som kanskje har vorte ein tradisjon i skulen på plass igjen. Eit stort bjørkehjerte som lyser mot dei som kjem til oppvekstsenteret. Både for tilsette, elevar, barnehageborn og foreldra som fer inn og ut porten morgon og sein ettermiddag.
Første gongen hjertet kom opp var i fjor då nedlegging av Todalen skule sto som forslag i kommunens budsjettforhandlingar. Bygdafolk og skule kleip seg fast og fekk avgjerda utsett, og skuleporten vart dekorert for å symbolisere samhaldet.
Fau har vore delaktiv i å få på plass hjertet, medan elevane sette lysa på.
Les om skulens feiring i fjor: Feira, pynta og planlegg avslutning til jul.