På Tjønnmyran er alt klart for å ta i mot den første snøen. Det er nok både store og små skientusiastar som ventar på den første snøe, slik at dei kan kome i gang med skitrimmen. Men sjølv om snøen manglar så er det muligheter i lysløypa – du kan nemleg ta trimmen til fots! Og det er det faktisk mange som nyttar høvet til, for det var mange fotspor rundt etter traseen.

Du slår på lysløypa ved å trykke på knappen på boksen lengst til venstre i bildet. Lysløypa slår seg av sjølv utpå kvelden ein gong. Foto: Jon Olav Ørsal
Dersom du tek turen på dagtid, så treng du ikkje anna enn daglyset for å kome rundt i lysløypa. Men vil du heller ta turen på kveldstid, så er det berre å trykke på knappen til lysløypa, så får du lys på heile lysløypa – og kan ta turen i ro og mak uten å bruke hodelykt eller anna lys. Da kan du også bruke gapahuken til pausen. Det er sjølvsagt gratis å bruke lysløypa – er du medlem så er også det greit, men dersom du tykkjer det er fint å bruke lysløypa og gjerne vil yte eit bidrag så er det ein plakat som fortel at du kan Vipse eit bidrag til Todalen IL for drift av anlegget!