Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ventar berre på snøen

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. november 2014

Onsdag kveld samla randoneekvelden på Kårvatn mange skiinteresserte og skientusiastar til informasjonskveld. Sjølv om snøen enno uteblir både i bygda og i fjellet er det på tide å planlegge vinteren og sjå over turutstyret. Det har vore ei enorm utvikling på ski, sko og anna utstyr til turbruk i fjellet. Vi har også endra våre vaner når vi legg ut på skitur – vi går ikkje berre ein runde i det lettaste terrenget, for betre utstyr gir oss meir lyst til å sette utfor og få litt fart.

Kårvatn_Publikum_0828 (1)

Håkon Vego hadde eit lydhørt publikum på kårvatn Fjellustyrs randoneekveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Det kan være ei utfording både med tanke på sikkerheit og for våre egenskapar som skirennarar. På Kårvatn hengte dei seg tidleg på Randonee-bølga, og er rekna som trendsetjarar på utstyr til denne sporten her til lands. Men dei er også opptekne av at du skal være trygg når du går i fjellet, og derfor var sikkerheita for fjellturen eit sentralt  tema under infokvelden. Men med betre utstyr får vi meir glede av turen, og vi blir både sikrare og stødigare om vi får litt fart.  Randoneeutstyr du vel treng ikkje til å være av det dyraste proffustyret, for vi kan kjøpe utstyr til vårt eige nivå som skiløpar til meir fornuftige prisar.

Kårvatn_Publikum_0828 (2)

Salgskonsulent Håkon vego auste av kompetanse om ski og turutstyr til tilhøyrarane. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Håkon Vego, som er salskonsulent ved Kårvatn Fjellustyr, som hadde innleieing om sikkerheit på fjellturen og som ga mange gode tips til tilhøyrarane som var møtte fram. med tanke på sikkerheita er det i dag mykje godt og funksjonelt utstyr til å ta med på turen, og han mente av alle som legg ut på toppturar burde ha spade, skredsøkjar (sender/mottakar) og søkestong i sekkjen. På litt lengre turar er også vindsekk kjekt å ha med – den kan være avgjerande om uhellet er ute. Ei brosjyre frå DNT og Visit Norway, «Sikkerhet i norske vinterfjell», gir mykje god informasjon og mange tips om korleis du skal forhalde deg til vinterfjellet. Etter litt kaffeservering og julekake var det duka for ein filmsnutt med både litt inspirasjon og litt fart.

 

 

 

Publisert: 19. november 2014, 22:48