Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga. Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg.
Alt etter nokre få minutt sørga Brage H. Talgø for å prikke inn det første målet for heimelaget, men Søya reduserte straks etterpå og låg faktisk i leiing da dei la på til 1-2. I andre omgang låg imidlertid heimelaget godt over bortelaget, og reduserte først til 2-2 før dei sikra seg overmakta med 3-2 som og vart sluttresultatet.
Ein artig kamp der mange gjorde ein god innsats – kampens dommar var Øyvind Dalen frå Rindal I.L.