Vennebyen er på turné med ei fullverdig teaterforestilling og dei kjem no til Surnadal kulturhus torsdag 9. februar kl. 17.30. Her får barna møte dei tre heltane Apa, Ted og Elfie og den klønete, men alltid like entusiastiske Jumpi i ei helt ny forestilling – Jumpis Bursdag.
Apa, Ted og Elfie planlegg ein stor overraskelsesfest til Jumpis sin bursdag, men det er ikkje alt som går etter plana… Apa og vennene hans må rydde opp før bursdagsbarnet finn ut kva som foregår, og det oppstår mange forviklingar og komiske situasjonar.
Forestillinga byr på både humor og spenning, song og dans, og sjølvsagt ein stor bursdagsfest med magiske trylletriks!
Vennebyen er eit norskutvikla barnekonsept som har gjort stor suksess både i Noreg og resten av verda. TV-serien om Vennebyen er seld til meir enn 180 land, og er med det Norges største internasjonale TV-suksess nokon sinne.
Jumpis Bursdag passar best for barn mellom 3–10 år, og forestillinga si lengde er tilpassa målgruppa (ca. 45 min.).
Kulturhuset melder at billettsalget er godt i gang og har allereie passert 100 selde.
Vennebyen byggjer på barns fascinasjon for nødetatane, med apekatten Apa i hovudrolla som politirekrutt, godt supplert av elefanten Elfie og bjørnen Ted som er rekruttar i brannvesenet og ambulansetjenesta. Saman har dei tre samarbeida om store og små oppdrag og sjarmert barn over heile verda sidan debuten.