Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Velværesentret flyttar inn i nye lokale

Velværesentret flyttar inn i nye lokale

Jon Olav Ørsal Måndag 5. mars 2012

Surnadal Velværeseter  har  ”vokst ut” av lokala dei har i 2 etasje på Landbrukshuset, og er no på flyttefot, fortel dagleg leiar Ann Kristin Bruset. Men dei flyttar ikkje langt, berre på baksida av bygget til Landbrukshuset. Her får dei nye og fine lokale og mykje meir plass. Da velværesentret opna i oktober 2006 hadde dei 300 m2 til disposisjon, medan dei no vil få heile 700 m2 å boltre seg på. Torsdag 7. mars kl 18.00 er ordførar Mons Otnes klar til å klippe snora.

Ann Kristin fortel at det har vore ei eventyrleg utvikling på sentret, og det er kome inn mykje nye aktivitetar, som sjølvsagt treng mykje meir plass. Ho gler seg no til å ta i bruk dei ny-oppussa  lokala og den siste tida har det vore travel aktivitet med montering av mykje nytt utstyr og handtverkarane har jobba nærast natt og dag for å få lokala ferdig til opningsdagen.

Ho fortel vidare at velværesentret skal være både treningssenter og opplevelsessenter, der det er lagt vekt på sosial kontakt. Det blir egne rom for aktivitetar som styrketrening, spinning, pilates, zumba, aromaterapi, meditasjon, naprapat og fotterapeut for å nemne noko. Det er mellom anna montert ein heilt ny klatrevegg i eit av romma.  Ann Kristin seier at det er viktig sentret kan by på meir enn bare trim, og at det er viktig at dei heile tida endrar og tilpassar seg slik at dei får eit komplett velværetilbod. Dette kan du lese meir om på heimesida til Surnadal Velværesenter.  

Surnadal fotoklubb i lag med medialina på Nordmøre folkehøgskule har fått ansvaret for utsmykkinga av det nye velværesentret. Da Todalen.no var innom sist laurdag var fotoklubben i gang med førebuingane til dette arbeidet, og bilda kjem på plass etter kvart som handverkarane er ferdig. Etter kvart skal utstillingane rullerast og skiftast ut med nytt og aktuelt materiell, der bilda i kvart rom skal være tilpassa aktivitetane som går føre seg i romma. Det skal være godt å ha noko å kvile auga på når ein trimmar.

Reidar Østvik og Anne Vognild Einum frå fotoklubben sett pris på at dei fekk dette oppdraget, og satsar på å lære av dette prosjektet. Dei kan gjerne tenkje seg å ta fleire slike oppdrag dersom sjansen byr seg. Men først skal dei sette sitt preg på alle rom i velværesentret med bilde av med varierte motiv og farger.

Først publisert: 5. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 4. mars 2012, 23:52