Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard.
Først vart sjølve kyrkjekgarden slegen med grasklipparar, etterpå kom kantklipparane fram; så det vart fint pussa både rundt gravminna og kyrkjegardsmuren. Det blomstrar fint no i godveret; ikkje minst er rododendronen aust på kyrkjegardn praktfull der han står i full blomstring! Men med sol, varme og lett bris så tørkar det fort; det trengst jamn vatning.
Det er flott at ildsjeler gjer dette arbeidet og held kyrkjegraden i så fin stand. Så stor takk til dugnadsgjengen for god og stor innsats som gagnar bygda vår!
Fleire bilete:

Leiar i soknerådet; Kristian Gjeldnes, brukte først plenklippar, før han tok litt opprydding rundt kompostbingen. Foto: Dordi J H