Todalen sanitetsforening inviterte i dag naboforeningane til lokal Kvinnehelsedag, direkte frå Oslo kongressenter. Anledninga var at Norske Kvinners Sanitetsforening hadde streaming av sitt arrangement i Oslo, slik at enda fleire enn dei 1200 frammøtte i Oslo også kunne ta del i den store konferansen.

Generalsekretær Grete Herlofson ønska også velkommen, før ho slepte til kulturminister Trine Skei Grande for offisiell åpning av Kvinnehelsedagen 2018.
Tema på Kvinnehelsedagen 2018 var likestilling, og på programmet var det mange interessante innlegg.
- Global likestilling – eit uoppnåeleg ideal v/ Hilde Frafjord Johnson
- Eit kjønnsblindt arbeidsliv v/ NHH professor Christine Meyer
- Kvinnehelse— meir enn underliv v/lege og forfattar Kaveh Rashidi
- Norge– verdensmestere i likestilling? v/ Manuela R. Osmundsen
Og med komikar Cristine Hope som underhaldande konferansier, vart det heile eit veldig bra arrangement.
I Oslo kongressenter var alt gratis, men det var det ikkje i Todalen Ungdomshus. Dette fordi sanitetsforeninga hadde invitert kokk Kristina Svinvik til å servere ein velsmakande to-retters lunsj til dei frammøtte sanitetsdamene.

Kristina Svinvik i full gang med å legge opp bakt todalstorsk med ertepuré, st. kristinaskinke, forvella grønkål, kapers-nøttesmør og mandelpoteter.

Kristina presenterer menyen for forsamlinga, og orienterer litt om planene dei har heime på garden i Svinvika.

Og som de ser var det ei lydhør forsamling som rosa initiativtakarene til denne vellykka samlinga i Ungdomshuset. -Dette MÅ bli ein tradisjon! var dei alle enige i. At vi kan få oppleve dette heimafrå er heilt supert.