Bortimot 100 personer møtte opp når Todalen Idrettslag inviterte til middagsservering i ungdomshuset i dag. På menyen sto bacalao og sviskergraut, og folket sette pris på både den velsmakande maten og ikkje minst ei anledning til å treffe kjentfolk på ein ellers så grå søndag.
Middagsservering
Hovedstyret i idrettslaget var arrangør av middagen, og dei hadde fått god hjelp i kokinga av Åse Ville Redalen. Og med klippfisk frå Tustna vart det mykje godord å få frå dei frammøtte. Det var naturleg vis rikeleg med mat, og fleire benytta anledninga til å kjøpe med seg ein porsjon eller to heim.

Og borda vart fulle ganske så fort. Dette er eit kjærkomment tiltak i bygda. Folk sett pris på tiltaket, og applauderte for reprise.

Inntekta frå dagens middag skal gå til drifta av ungdomshuset, fortel John Moe. I tillegg var det loddsalg undervegs, med mange fine premier der dei frammøtte støtta opp.

Og med ei skål heimlaga sviskergraut med fløtemelk til slutt var det kanskje fleire enn Johan K som kunne tenkt seg ein liten pust i bakken.
Premiering for store og små
Men ikkje berre eting sto på programmet. Ski og friidrettsgruppa benytta anledninga til å dele ut både deltakarpremiar til lagseriestemne, barn i løypa og på dei ni trimbøkene som idrettslaget har utplassert rundt om i Todalen.

Kun Martin, Markus, Sivert og Fredrik var av dei 30 deltakarane som møtte opp for å motta diplom og deltakarpremie etter årets lagseriestemne og barn i løypa.
Etterpå var det utdeling av krus til dei med flest turar rundt om på dei ni trimbøkene som idrettslaget har i bygda. Og her kunne trimsjef Jorun Nordvik melde om gode turvanar blandt todalingane også i år, der Løfta toppa med heile 1095 besøkjande:
- Dalasetra hadde 260 registrerte besøkjande; Ola Røen med flest turar og Martine Øyen vart uttrekt.
- Haukarsteinen hadde 389 besøkjande; Alf Inge Ulvund med flest og Stig Husby vart uttrekt.
- Tølgøsetra hadde 571 besøkjande; Mari Redalen med flest og Sindre Bruset vart uttrekt.
- Tårnet med 290 besøkande; Ragna Kvendset med flest og Torkjel A Moe vart uttrekt
- Storhaugen med 660 besøkjande; Dordi Jorun Halle med flest og Britt Mossing vart uttrekt
- Fauskhjellen med 305 besøkande; Jan Ludvik Rendal med flest, og Øyvor Husby vart uttrekt
- Ansnessetra med 132 besøkande; Olav Gjeldnes med flest og Frode Grønmyr vart uttrekt.
- Gammelsetra med 379 besøkjande; Eilert Kjølstad med flest og Jakob Ranes vart uttrekt.
- Løfta med 1095 besøkjande; Tor Holten med flest og Anders Todalshaug vart uttrekt.
Medlemsregistrering
Attast i lokalet satt Michal Heimlund og registrerte nye brukarar i den nye medlemsportalen som alle idrettslag no er pålagt å bruke.

Michal kjem til å sitte på Matkroken ved seinare anledningar for å komplettere medlemsbasen ytterlegare. Er det nokon som er usikre på kva som må til for å få registrert seg er det berre å ta kontakt.