Start 4H hadde natt til laurdag overnattingstur på Vorpneset. Eit titals ungar/ungdomar rigga seg til med lavvoar og bålbrenning i strandkanten for ein sosial happening. Utkvilt var dei nok kanskje ikkje då dei kom ramlande heimatt på føremiddagen laurdag, men artigt hadde det vore.
Todalen.no lånte ut kamera til dei, og under er nokre bilder frå ein utruleg fin sommarkveld i Todalen, der flåtebygging av vrakved sto i sentrum. Teke av Eivind Bolme og Thea Saksen Ulvund.