Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellykka jakthelg, i Øyalia!

Vellykka jakthelg, i Øyalia!

Elinor Bolme Sundag 4. november 2012

Frå Bruset/Øya/Halset jaktlag har vi fått tilsendt bilder frå begge jaktdagane denne helga. John Moe la laurdag  ned ein elgkalv på 71 kilo, og i følge sikre kjelder var det akkurat det dei skulle ha denne dagen. Søndag 3 hjort. Redaksjonen oppfordrar fortsatt dei andre jaktlaga i bygda til å sende inn bilder frå helgas jakt. For smellar har vore høyrt både laurdag og søndag.

John Moe fortel her muligens velvillig om korleis dette gjekk til? Torbjørn Larsen til venstre. Foto:Sondre Halset

Rekruttering er viktig! Her er Marius og Mari Eikem attmed elgkalven. Foto:Sondre Halset

Fangstrapport frå Sørsida søndag 4. november:

Tre hjortar måtte bøte med sitt liv i ørsalliene, ei kolle og to kalvar. Dagens fangstmenn var dei tre yngste på jaktlaget, Emil og Ola Haugen Ansnes og Snorre Larsen.

Først publisert: 4. november 2012, 18:12 - Sist oppdatert: 5. november 2012, 07:59