I dag var det haustfest i Start 4H i Todalen ungdomshus. Her hadde medlemmene laga utstilling for å vise fram prosjekta dei har jobba med det siste året. Utillinga er ein viktig del av sjølve prosjektet, og noko dommarane tek med i si totalvurdering under bedømminga av oppgåvene.
Mange møtte opp for å vere med på haustfesta til Start 4H, så det var bra trøkk på salet av kaffe, bakels med graut og kaker, og sjølvsagt på loddsalet! Det var tydeleg at folk sette pris på å få vere med på å feire avslutninga på nok eitt 4H-år.
Medlemmene i Start 4H hadde og rigga seg til og selde kornband, juleheftet «Du mitt Nordmøre» og revyboka «Heittgjort», som Surnadal Heimbygdlag akkurat har gjeve ut.
Johan Ranes og Ingebrigt K. Bergli viste bilete og fortalte om dei forskjellege aktivitetane dei 18 medlemmene i Start 4H har helde på med det siste året.
Til slutt var det utdeling av merker og skeier til dei 18 medlemmene i Start 4H som har fullført prosjektoppgåver i år.
Under kan du sjå bilete frå medlemmene sine utstillingar, alle foto: B G Ansnes: