Vellykka Halloweenfest
Nesten 30 skumle, søte og nokre ordinære figurar var samla til halloweenparty i gammelskulen i dag. Her var det pynta til fest og dei unge deltakarane kosa seg med både servering og leik i eit par timar.
1. etasjen i gammelskulen er dekoret med alskens effektar til festen for å komme i rett stemning.
Litt søtt i kroppen gir full fart i knotten… Muffins og kjeks gjekk ned på høgkant.
Og også skumle typar likar kjeks viste det seg…
Heksene og eit skummelt troll let seg servere av Justyna.
Justyna Krajewska er den som no på 3. året er med og arrangerer Halloweenparty saman med Line Kvendset. Eit triveleg arrangement som engasjerer både store og små. Her er Justyna saman med minstejenta Julia.
Til slutt var det premiering av beste kostyme. Juryen var så imponert over alle kostyma, at alle fekk premie.