Turen som i går vart arrangert av Todalen Historielag frå Halsetreita, ovanfor Halsetgardane og viare ut til Hyllneset kan ikkje beskrivast som anna enn velykka. Mellom 60 og 70 personar frå 4 til mesta 90 år deltok i eit strålande solskinn.
Anders Halset og delvis John Moe var kjenntmenn på ferda, med mykje interessant å fortelja om dei ulike plassane som vart forbigått.
Ved vegs ende uti Hyllneset vart det snuing for så å gå vegen av dagens standard innat på Todalsøra. Det var det traktement å få etter ein lang marsj.
Foto: Elinor Bolme