Godt over 150 personar samla seg i Stornaustet på Halsa i går på elevtreffet for tidlegare elevar og tilsette ved Halsa vidaregåande skule. Treffet kom i stand etter at Einar Oterholm tok utfordringa med å fullføre den historiske samlinga han byrja på med første bind «Historia til Nordmøre husmorskule». Boka som tok for seg historia til Nordmøre husmorskule frå 1921 til 1977. Og ettersom skulebygget brann ned i 2014, vart det til at Oterholm tok jobben med å samle inn stoff for å dokumentere siste del av historia frå 1977 til 2001.
Boka «Historia til Halsa Vidaregåande skule» er dermed no ein realitet og forfattaren sjølv presenterte ho under elevtreffet. -Ja, for det hadde ikkje vorte noko elevtreff her i dag, om ikkje Einar Oterholm hadde laga denne boka, sa tidlegare rektor ved Halsa vgs Torgunn Henden i si velkomsthelsing. Ho var imponert over oppmøtet, men hadde alle kommet hadde vi i alle fall ikkje hatt plass her, konkluderte ho. For opp igjennom åra har 2000 elevar vore innom skulen på dei ulike linjene med dei tilpasningr som måtte til for både å berge som skule og for å tilretteleggje for den enkelte elev.
Det var dei tidlegare tilsette ved skulen som sto for arrangementet. Planlegginga starta allereie i mai, og endte vellykka med førsteklasses servering; sodd og kaker på metersvis.
Boka er eit fint historisk dokument på 180 interesante sider. I alle fall om du på eitt eller ana vis har ein relasjon til denne tidlegare institusjonen. Alle har fått plass; både dei tilsette, elevane, bygda og ikke minst alle dei ulike studietilboda opp i gjennom desse åra. Boka er rikt illustrert og har fått mange til å gå igjennom sine bildearkiv for å bidra med stoff til dei ulike delane, så mange finn nok nokon dei dreg kjensle på i løpet av lesnaden.