Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør, da vel to hundre deltakarar var på plass i Storstua da banksjef Allan Troelsen ønska velkomen. Årets næringslivsdag er nr 20 i rekkja, og Troelsen starta årets arrangement med å orientere om verksemda til banken. Han poengterte at det er viktig for næringslivet å delta på slike arrangement, både for å treffe andre og for å bygge nettverk. Da blir Storstua den perfekte møteplassen, og bank kjem til å fortsett med dette så lenge det er interesse for å delta, sa Troelsen.
Som i fjor var det Jan Erik larsen var årets møteleiar, og han losa oss trygt gjennom det allsidige programmet som årets næringslivsdag hadde å by på – også han poengterte kor viktig det er å få sosialt og fagleg pyfyll innimellom – spesielt no som vi opplever at det er både dyrtid og renteoppgang som gjer at vi opplever samfunnet som turbulent.
Sjefsøkonom Elisabeth Holvik ga oss eit godt og interessant innblikk både i nasjonal og internasjonal makroøkonomi og kva retning utveiklinga i maktbalansen går. Vi opplever at Østen blir stadig sterkare, og kva konsekvensar det kan få for vesten. Kina baserer seg på råvarer frå Afrika og oppnår stadig sterkare kontroll på råvaremarknaden, så det er kanskje viktig at vi følgjer med på det som skjer.
Så var det turen til Lene Trude Solheim frå NHO, som hadde Kraft, Kapital og kompetanse på plakaten. Viktig at vi følgjer med på det som skjer slik at vi er best muleg førebudd på utviklinga inn i framtida og finn løysingar som vi er tjent med. . Solheim var også oppteken av utviklinga i formuesskatten – spesielt skatt på arbeidande kapital som næringsdrivande opplever som veldig urettfoerdig. Dette er ein rein norsk skatt som ikkje berører utanlandske bedriftseigarar. Elles var behovet for arbeidskraft og kompetanse eit viktig tema i foredraget til Solheim.
Etter lunch var det først utdeling av utviklingsprisen. Den var for 2023 utdelt til Takstmann Øyås. Den er omtala i eiga sak og varein velfortjent heider til selskapet som i år er 10 år.
Vidare var det paneldebatt, der Ingvar Sæther, Terje Talgø og Lene Trude Solheim deltok – Jan-Erik Larsen var debattleiar. Spesielt gikk debatten på den urettferdige formueskatten på arbeidande kapital, men det var også plass til andre saker. Mellom anna fikk Kristiansun, Molde og Ålesund ei klar melding frå Terje Talgø om å legge fogderistriden på hylla og heller begynne å samarbeide – no treng vi å samarbeide alle mann sa han. Mellom anna meinte panelet at KBK har vore med å samle nordmøringane betre den siste tida.
Neste post på programmet var Amund Skiri – ny hovudtrenar for KBK. Han presenterte opplegget han kjører med KBK og ga oss innsyn i kva verdia som er lagt vekt på.
Tormod Heier ga oss ein oversiktlig og informativ innføring i situasjonen i Europa sett med militære auger. Dette vil nok påverke presidentvalet i USA seinar i år og kanskje auke faren for ei eskalering av den militære situasjonen.
Aleksande Dye ga oss ei innføring i bruken av KI (kunstig intelligens) og korleis dette vil kunne påvirke samfunnet i rundt oss etter kvart som bruken grip om seg. John Arild Johansen som er sikkerheitsansvarleg ifor Vipps ga oss innføring i korleis ein kan legge til rette for eit fonuftig sikkerhetsniva i vår dqatabruk og Marius Jordet viste kor lett det er å hacke og ga oss fleire eksempel som det var verdt å merke seg.
Siste post før programmet vart runda av var den tidlegare skihopparen Maren Lundby som orientere om kampen ho opplevde for at damene skulle får delta i hopprenn – ho var nok ein vikig bidragytar for å få til ei rettferdig ordning som jamstiller dameklassen med herreklassen. Egentleg eit godt innsyn i praktiseringa av gammelt kjønnsrollemønster.