Det var ikkje akkurat trengsel i Ungdomshuset da T.I.L. hadde Trim- og skibasar søndag ettermiddag. I det fine vårværet var det nok mange aktivitetar som frista, men god førehandsalg redda nok økonomien, for Jostein Burset rekna med eit overskot på ca 20.000 etter grovteljing søndag kveld.
På basaren var det utdeling av premiar både for «Barne i løypa» og fra aktivitetane til trimgruppa både for 2008 og 2009. Her var det delt ut fine koppar til den som hadde flest turar til trimpostane. I tillegg var det trekt ut premiar på kvar trimpost. Vi skal etter kvart legge ut lista over desse vinnarane.
I tillegg vart det delt ut idrettsmerke og skimerke for siste sesong, der mellom anna Jorunn Nordvik fikk idrettsmerkekruset og Nils Ove Bruset og Ingvild stensby fikk henholdsvis sølvplakett og bronseplakett på ski.
Oversikt over trimvinnarane finn du her i oversikten for 2008 og 2009.