Våren 2015 har Senter mot incest og seksuelle overgrep for Møre og Romsdal (SMISO) i samarbeid med lokallaga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i Møre og Romsdal gjennomført eit forebyggande og haldningsskapande prosjekt retta mot RUSS 2015 i heile fylket. Prosjektet har gjennom undervisning, apellar, synleggjering i sosiale media, utdeling av informasjonsmateriell og boxershortsar til kvar enkelt russ sett fokuset på russ og valdtekt. Hovedmålet for prosjektet var at det denne våren ikkje skulle skje valdtekt mellom russ i Møre og Romsdal.
«Og hovudmålet vart nådd: Ut i frå det vi veit no, har det ikkje kome inn voldtektsanmeldelsar mellom russen i Møre og Romsdal!!» – dette skriv SMISO og NKS Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Todalen sanitetsforening i lag med sanitetsforeiningane frå Torvik og Øvre Surnadal deltok i dette prosjektet her i kommunen. Surnadal sparebank har i mange år arrangert vårtreff for russen ved Surnadal vidaregåande skule. Her har representantar både frå politiet, ambulansetenesta, helsesøster og kommuen delteke, og i år fekk dette treffet ein ny dimensjon da kampanjen frå SMISO og NKS kom med i arrangmentet. Surnadal Sparebank har uttrykt at dette var svært positivt.
Leiaren i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, fortel at dei møtte russen ved SVGS, småprata med dei og delte ut tøffe boxershortsar og goodibagar til heile russekullet. «Vi møtte svært trivlelege, høflege og friske, fine ungdommar,» seier ho. Ho er svært glad for det postive resultatet etter kampanjen, og seier at dette prosjektet går rett inn i arbeidet som NKS driv for barn, unge og betre kvinnehelse. Derfor støtta lokallaget her i Todalen fellesprosjeket i fylket med heile 10 000 kroner.
Men prosjektet krev svært store ressursar, og ho er svært glad for alle lokale bidrag, både for gåver til goodiebagane og økonomisk støtte. Ho vil og gi stor honnør til leiaren i fylkeslaget av NKS, Elinor Bolme, som var initiativtakar til dette vellukka fellesprosjektet med SMISO!
Konklusjonen frå SMISO og NKS er «Aksjonen har vore så vellukka at dette framover blir årvisst.»