Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka redningsaksjon i Romådalen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juli 2024

Dagros, eller kva ho no heiter, kan takke moderne teknologi for at ho er i live.  Eit trettitals ungdyr og tørrkyr  går på fjellbeite i Romådalen.  Dei er utstyrt med Nofence, som er ein slags elektronisk bjølle, der ein kan definere eit virtuelt gjerde for krøttera. Det blir da definert eit område som dei må halde seg innafor – kjem dei utom så får dei eit lite støyt og eit lydsignal. 

Du kunne sjå berre haudet på kua i myrholet. Foto Tor Asbjørn og Andreas

Dette systemet vart faktisk redninga for denne kua, som hamna i eit myrhol utafor ytter setrin i Romådalen. Det var ei av kyrne til Olav Halle i Austistua, og han fortel at dei reagerte på at det var ei ku som ikkje hadde flytta seg på nokre dagar.  Nofence følgjer nemleg med kvar krøttera har tilhald.  Jan N. Bruset, som er røktar i Austistua drog til Romådalen for å sjå om kua, men fant ho ikkje første dagen. Dermed vart det mobilisert med fleire hjelparar og ein meir nøyaktig posisjon. 

Kua var for svak til å kome seg opp for eiga maskin – her måtte det vinsj til. Foto Tor Asbjørn og Andreas

Neste dag vart det nytt søk, og da kunne dei gå beint på og fann kua i eit myrhol, der berre hodet var synleg, og kua stod i vatn til midt oppå magen.  Kua søg ut til å være sliten, for ho hadde nok kjempa for å kome seg oppatt. Dermed vart det sett i gang ein redningsaksjon for å berge kua opp av myrholet. Det vart henta utstyr som spade, vinsj, motorsag og anna utstyr på Pestusetra, som ligg i nærleiken.  Det vart laga opning i myra og veg opp av myrholet, men kua var for sliten til å respondere på det. Dermed måtte det lages eit opplegg for å vinsje kua opp frå blautholet.

med hjelp av visnjen gjekk det etter kvart betre. Foto Tor Asbjørn og Andreas

Etter kvart kom kua opp av myrholet og på tørt land.  Ho var nok litt medteken, men kom seg etter kvart på føtene og ho starta ganske straks med å beite – ho var nok svolten etter nokre dagar i myrholet.  Elles såg ho ut til å være i bra form etter strabasane. Dagen etter var Jan N. Bruset oppe for å sjekke statusen, og da var kua komen i lag med dei andre krøttera og beita i fred og ro. 

Olav skryter av innsatsen til redningsmennene og den moderne teknologien – dei som var med på redningsaksjonen er Jan N. Bruset, Nils Ove Bruset, Tor Asbjørn Karlsen og Andreas Brøndbo. Godt jobba, seier Olav!

Etter mykje strev var det klar for å vinsje kua opp av holet. Foto Tor Asbjørn

Da er kua komen opp og hjelpesmennene kunne blåse av redningsaksjonen. Foto Tor Asbjørn og Andreas

Publisert: 19. juli 2024, 15:39