Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker.
Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i Todalen kyrkje, fire gutar og åtte jenter. No er det berre ti som lever, og av dei møttest fire på konfirmantfesten. Dette var første konfirmantkullet her i bygda for sokneprest Karl Jakobsen.
«Konfirmasjon til ulike tider» var tema for talen til Venås. Her tek vi med litt av det han fortalde. I Norge har konfirmasjonen røter tilbake til 1500-talet, og i 1736 vart det lovfesta at alle ungdomar i landet skulle konfirmerast. Konfirmasjonen var ein markant overgang frå barn til vaksen og var viktig både sosialt, kulturelt og åndeleg. Ein måtte vere konfirmert for å kome inn i militæret, for å få lov til å gifte seg og ein kunne bli straffa for ikkje å konfirmere seg. Men det var ikkje like lett for alle å greie krava til konfirmasjonen som var meir som ein offentleg eksamen, – ikkje alle bestod. Ein del streva og måtte prøve fleire år på rad før dei greidde krava.Trist å vite at enkelte før i tida opplevde både nederlag og å bli ydmyka i møte med kyrkja. Ja, presten sette faktisk karakterar på konfirmantane i kyrkjeboka. Men Venås kunne fortelje at Jakobsen var mild og tok det meste med det gode, og at årets femtiårskonfirmantar i kyrkjeboka hadde fått berre gode karakterar, enten Mg+, Mg eller Mg- !
Synnøve Gjeldnes Myklebust takka på vegne av jubilantane for invitasjonen til konfirmantfesten og for ein riktig så triveleg kveld. Ho trudde at dei i 1965 kanskje var det første kullet som brukte konfirmasjonskapper. Men under kappene hadde jentene fine kjolar i crimplene og blanke lakkskor med stiletthælar! Ho tok fram mange artige og lystige minne frå konfirmasjonstida. Som ei helsing til medjubilantane og festlyden las ho diktet «Den særde» av Aasmund Olavson Vinje, – eit dikt med mykje livsvisdom.
Til slutt inviterte Venås alle til hausttakkefest i kyrkja søndag 11. oktober.