Laurdag kveld inviterte Todalen IL og Todalen grendalag sine sambygdinger til julebordsfeiring i Todalen Ungdomshus. Med komite og gjestar var det no eit godt 60-tals som vart traktert med prima julemat – fleire variantar med ribbe, pinnekjøtt og mykje anna godt – og riskrem til dessert etterpå.
Trivelig at det går an å samle folk til slike arrangement, sa leier i Todalen I.L. Nils Ove Bruset, som ønska gjestane velkomne til julebordsfeiring i eit finpynta ungdomshus med både juletre og skikkeleg julestemning. «Kokkelauget» vart kalla fram til scena og fikk skikkeleg applaus for sitt kulinariske julebord. Dette er i ferd med å bli tradisjon, sa Bruset som poengterte at dette var andre året og neste år blir det dermed ein tradisjon i Todalen med slikt julebord.