Med tre ulike arrangement, la Todalen Historielag, Halsesamlinga og Halsa Heimbygdlag an til eit allsidigt arrangement då dei åpna dørene på søndag. I Meierisalen måtte dei opne litt før tida grunna stor pågang av publikum kunne leiar i Halsa Heimbygdlag Dordi Oterholm fortelje. Vel 75 personar signerte i gjesteboka, og då antok ho at ikkje alle hadde skive seg på. Og det var absolutt verdt turen å sjå dei 14 bileta av Olav Halse som hadde si første visning i dei robuste meierilokala. Desse bileta vil bli å sjå rundt om ved dei kommunale bygga i Halsa etter kvart, for dei som ikkje hadde høve denne gongen.
I Gammelskulen var Halsesamlinga open for dei som kunne tenkje seg til å sjå den. Oppe i Ungdomshuset var det også godt besøkt. Mest alle plassane var opptekne, og dei aller fleste kosa seg med kjøkenets freistelsar av ymse slag. Underhaldninga var også av ypperste kvalitet. Arild Hoksnes og sonen underheldt med felespel av høg kvalitet, komponert av Leif Halse. Publikum fekk og nokre smakebitar av Hoksnes sine kåseri, som han kanskje er mest kjendt for.
Også Todalskoret underheld med sitt reportuar av songar som Leif Halse har skreve tekst til.