I dag arrangerte Start 4H akedag oppi Reita. Det kom mykje folk, både store og små, og både medlemmer og ikke-medlemmer.
Det var mykje forskjellige aktivitetar som foregjekk. Blant desse var både skihopping, aking, slalåm, brettkøying og snøballkasting. Nokon valgte og å ta livet med ro, nyte den friske lufta og vera sosiale.
Vêret var bra, men utover dagen kom skodda og breia seg over oss. Til tross for skodda var det ein vellukka dag, med mykje blide folk.