Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter», alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.
Kort historikk om Gammelskulen:
- Eldste ståande skulen i kommunen, bygd i 1862 og blir 150år i 2012
- Gammelskulen og dei nyare skulebygningane frå 1920 og tilbygg frå 1980-tallet, samt barnehagen frå 1989 utgjer eit unikt bygningsmessig miljø
- 3.folkehøgskulen i landet hadde tilhald i Gammelskulen
- Barndomsheimen til diktaren Leif Halse, som gjorde bygda landskjent gjennom «Vangsgutane»
- Lærar- og utleigebustad frå 1920 og seinare utleigebustad for kommunen
- Det vert langt fram ei tilstandsvurdering av den verneverdige bygninga.
Muligheit for framtidig bruk av Gammelskulen:
- Møtestad for ulike lokale og fleirkulturelle aktivitetar
- Arrangement
- Utstillingar
- Open kafe enkelte helgadagar?
- Anna?
Vi håpar at dei som er interesserte kjem innom for ein prat om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.
Servering av kaffe og nysteikte bakels.
Helsing prosjektgruppa