Surnadal kommune og Bolystprosjektet inviterer alle som er nye i Surnadal til Velkomstkveld for tilflyttere. Dette skjer førstkommande onsdag i Svorkasalen på Kulturhuset. Kvelden deles inn i to, der dei frammøtte først får eit innblikk i kva kuturkommunen Surnadal har å by på, før ein etterpå får delta på kongeleg varieté.
Kongeleg varieté er det siste arrangementet i grunnlovsjubileet i Surnadal. Her vil ein få høyre om «den lange reisa – 200 år». Det blir korsong og allsong ved Tordenskjold songlag og Eistein Bæverfjord vil vise nokre filmsnuttar om ulike kulturminner. Sist men ikkje minst, vil dokumentarfilmen Eistein Bæverfjord laga frå det store arrangementet rundt Kongeparet sitt besøk i Surnadal bli vist.
Arrangørane lokkar med gratis inngang, enkel servering og kulturinnslag ved Toril Moe og Rolf Paulsen