Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att sesongen. No er det Karen Johanne Talgø som har teke over administreringa av tilbodet til todalingane, slik at det ikkje skal bli nedlagt. Den 19. januar blir det stengt, men elles blir det ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00 seier ho i ein epost til redaksjonen. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.
Karen Johanne ber brukarane om å komme med tips om korleise bøker de vil låne. Todalen filial kan låne bøker frå
hovudbiblioteket, andre bibliotek, eller eventuelt kjøpe inn. Ho ønsker alle velkomne til nytt bibliotekår!