Laurdag 26. mai kl 16 er det klart for fabrikkonsert på Gammelfabrikken. Det skjer i regi av Vårsøghelga, og er eit samarbeidsprosjekt med Talgø. Det blir ein flott vandrekonsert på tradisjonsrik grunn, og blir nok musikalske opplevingar i ei innpakking du aldri har sett før. Da kjem nemleg Pelbo, Shavian og Hanne Kjersti Yndestad til Gammelfabrikken for å opptre for oss.
Etter konserten blir det høve til ein kaffedråpe og omvisning rundt på anlegget, der Talgøkonsernet har utstillingar for sine bedrifter. Der kan du også ta Storfossen i nærare øyesyn, der han viser sine våryre musklar i sommarvarmen. Her kan du laste ned plakaten for fabrikkonserten.