Laurdag kveld arrangerer soknerådet konfirmasjonsfest i Ungdomshuset. Det er tradisjon å invitere 50-årskonfirmantane og alle fem har takka ja til invitasjonen. Soknerådet diskar opp med fårikål til hovudrett, så her vert det høve til å smake på årets lam.
Festa tek til kl.19.00, og dei har litt av kvart å by på:
– Andakt ved sokneprest Bernt Venås
– Utsøkt fårikål av årets lam
– Kaffe og kaker
– Song ved Borghild og Bernt Bøe
– Quiz
– Loddsalg
– Allsong
– Alle fem 50-årsjubilantane deltek på festa.
Soknerådet ønsker alle velkomne til ein triveleg kveld i Ungdomshuset!