Surnadal Heimbygdlag deler kvart år ut måldiplom til personar eller lag som arbeider for å fremje bruk av nynorsk og dialekt. Diplomet for 2019 vart tildelt Karstein Mauset.
I grunngjevinga for utdelinga av diplomet til Karsetein heiter det: «Måldiplom 2019 er gitt til Karstein Mauset for hans aktive innsats for å fremje dei lokale lyrikarane våre gjennom tonsetting og musikalske framføringar, og for hans positive engasjement og deltaking i det lokale kulturlivet».
Karstein Mauset har tonesett tekster både av Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse. På bokkvelden til Heimbygdlaget torsdag kveld framførte han tekster av Hyldbakk, både med melodiar av Henning Sommero og med eigne melodiar. Mauset har mellom anna tonesett Hyldbakk-diktet «I skogen», både nydeleg melodi og fin framføring. Torill Moe og Karstein framførte Hyldbakksongar i lag, mellom anna «Vårsøg» og til sist «Den som er finast,» sa Torill, nemleg «Lauvfall».
Karstein Mauset vart overraska over å få målprisen, og han var både rørt og glad da han takka mållaget. Men dette er i alle fall ein høgst fortent pris, han formidlar tekster til nynorske, lokale lyrikarar på ein framifrå måte!
Nylansering av «Ei haustferd på Nordmøre 1934».
Hans Hyldbakk var husagent for eit bomullsveveri i Moss og gjorde to rundturar på Nordmøre kvart år frå 1926 og fram til 1940. Han gjekk ei fast rute og «vart på det viset velkjend i heimane både til dals og til fjords». I 1934 skreiv han ei samanhengande skildring av ferda si, tekstene vart publiserte i ungdomsbladet «Heim-Veg». I 1951 kom ferdabreva ut i bokform. Hyldbakk skriv at det ikkje er ei «vitskapleg skildring av natur og næringsliv», men handlar om møte med folk. Boka er også ei god tidsskildring.
Svein Sæter presenterte boka og sa at ho ikkje har vore å få kjøpt på mange år , og at det har vore spørsmål om å få til ei nyutgjeving. Hyldbakk sjølv ønskte også dette for da dikta hans kom i ny utgåve i 1990, uttala han at han ville sett pris på om nokre av prosabøkene hans også kunne koma ut på nytt. No har det altså skjedd, og det er alt ein suksess kunne Sæter fortelje. Boka sel så godt at Heimbygdlaget spanderte kaffe på alle som kom på bokkvelden og avlyste loddsalet!
Det ligg mykje dugnadsarbeid bak nyutgjevinga av boka, Sverre Hatle har skrive av heile manuskriptet – ein storjobb! Svein Sæter har hatt ansvaret for det administrative med utgjevinga. Dette er altså den første prosaboka til Hyldbakk som blir digitalisert, eit svært verdifullt arbeid er utført her.
Sæter takka for hjelp og støtte til prosjektet frå Surnadal kommune, Nordmøre Museum Surnadal, Surnadal Sparebank og Sparebank 1 SNM.
Styrkår Brørs las utdrag frå boka – det er berre å gle seg til å lese vidare sjølv!