Skal vi bli passa av velferdsteknologi når vi blir eldre? – Det er mange spørsmål knytta til korleis ein kan nytte velferdsteknologien og korleis den kan fremme mestring aktivitet. Torsdag 18. oktober kl 12-14 held Prosjektleiar Tone Bye i Pensjonistforbundet foredrag om dette emnet i kinosalen i Kulturhuset.
Ho held eit foredrag som passar for heimebuande eldre, tilsette, politikarar og pårørande. Det belyser ulike typar teknologiske løysingar – og etterpå blir det spørsmålsrunde!