Kjerringane kokkla og ungane sprang, to sikre tegn på ein vellukka basar då fotballgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte sin basar i Ungdomshuset på ettermiddagen i går. Bortimot 38 000 kom inn, mykje takka eit godt førhandssalg rundt bygda og på butikken i veka før. Mange fine gjevinstar av ulik karakter både for ungar og vaksne hadde komme inn, og gevinsten som fekk mest oppmerksomhet var ei stor bormaskin. Det har også på dei fleste basarane seinare år vorte oppsett barnebord, der berre ungar får ta lodd . Vinnarsjansane er her en stor del større enn på det ordinære basarbordet, sidan det berre blir seld under sjølve basaren. Ei fin løysning for den som er litt mindre og ikkje har heilt skjønnt prinsippet med å ta lodd.
Leiar i fotballgruppa, Borghild Betten Talgø takka alle som hadde bidrege med ulik innsats gjennom det siste fotballåret. Mange frivillige timar både blandt innvalde i fotballgruppa, og alle dei andre som stiller opp som trenarar og lagledarar og ikkje minst som sjåførar gjennom ein sesong gjer det mulig å oppretthalda ei såpass aktiv undergruppe av hovudlaget.
På galleriet var det rigga til luftgeværskyting, og her var det god deltaking hos den yngre garde. Nora Kårvatn får her hjelp av far Gudmund.
God stemning rundt alle bord. Her er det Hallvard, Nicole, Jacqline,…Malii og Jorunn som ventar på at trekninga skal begynne.