Det har vore travle tider for brøytarane dei siste døgna. Er usikker på kor mykje snø som er kome, men det har iallfall vore full rulle for dem som skal halde vegane opne for oss trafikkantane. – Måndag føremiddag var dem komne ajour, og da var det godt med 10-kaffe på Matkroken og litt utveksling av erfaring.
Å være brøytesjåfør kan nok være ein einsam jobb – dei er ute til alle tider og er åleine i traktoren eller bilen når det står på som verst. Og ein av eigenskapåane dei må ha, er nok evnen til å kome seg opp tidleg på morgonen for å sjekke vêr og føre.
No er iallfall både hovudvegane som Mesta står og kommunevegane og småvegane elles pussa opp – da går det an å ta ein lang kaffepause med godt samvit…..