Den nye trasèn for Kårvatn Sky Race fikk ein skikkeleg elddåp da Fredrik Bruseth kom først i mål på den 27 km lange runden i fjella ovafor Kårvatn. Bruset etablerte dermed løyperekord på 3.31,50, medan Martin Fossen kom på 2.-plass med 4.05,21 og Thomas Sandhaug kom på 3.plass med 4.05,29. Erik Kårvatn låg egentleg godt an i løypa, men måtte gi seg på grunn av etterdønningar etter luftvegssjukdom. 18 deltakarar i herreklassen på 27 km. Totalt var det 57 deltakarar under årets Kårvatn Sky Race som altså er det fjerde i rekkja.
I dameklassen tok Synnøve Solemdal ein suveren siger – ho kom i mål på bestetida i dameklassen på 4.08,01, med Ingeborg Treu Røe på andreplass og Lisabet Sæterbø frå arrangørklubben Trollheimen Fjellsportklubb på tida 4.2,16. Totalt var det 9 deltakarar i dameklassen.
I 15 km-løypa var det også kamp om plasseringane og gode resultat. På delt førsteplass i herreklassen kom Aron Rodal Haugen og Emil Aslaksen Røed dei fekk tida 1.54,14 På 3.-plass kom Isak Drøpping på tida 1.54,18. Her var det 5 deltakarar i klassen. I dameklassen var det Ida Brakstad Orset som trekte det lengste strået, på tida 2.13,13, medan Mariann Mandal Gjeldnes kom på 2.-plass på tida 3.,48 og Elisabeth Kjos på 3.-plass på tida 3.41,25. Her var det 3 deltakarar i klassen.
I trimklassen som også bruka 15 km-løypa var det tilsaman 13 deltakarar i dame og herreklassen. Her var det 12-åringen Even Rodal Haugen som imponerte stort og kom i mål på 2.27,01. Nest beste tid hadde Ingjerd Tangen på 2.35,17 og på tredje beste tid kom Stig ove Strand på tida 3.03,40. Totalt var det 13 deltakarar i trimklssen. I tillegg var det eigen familieklasse med 7 deltakarar.
Løpet var nok litt prega av at tåka låg langt nedover liene frå morgonen av, men den lette da lett etter kvart, med da var det i seinaste laget. Stort sett gikk det greit å finne løypa, men litt problem var det på toppane der tåka var mest intens. – Men neste år blir det finvêr, seier optimisten og primus motor for arrangementet Gudmund Kårvatn. Han fortel at han har fått mange tilbakemeldinga om stor begeistring for deen nye løypetrasen som går i fjella på nordsida av Kårvatn.
Resultat:
Komplett resultatliste for Kårvatn Sky Race 2022 kan du laste ved å klikke på linken til RESULTATLISTE. Digital resultatliste med mellomtider finn du her
Vi har «knipsa» mange bilder i løpet av dagen – her har vi laga eit galleri med nokre av dei – sjå om du ser kjentfolk? Bilda frå fjellet er det Jo Gjeldnes og Mari Redalen som har sørga for resten er foto Jon Olav Ørsal